Aarhus Universitets segl

Ph.D. stilling på UiT Norges Arktiske Universitet vedr. Grønlands historie

UiT Norges Arktiske Universitet, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning.

Om stillingen

Ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi (AHR) er det ei ledig stilling som stipendiat i historie. Stillinga skal knytast til prosjekt "Grønland - mellom historisk kolonisering og historiografisk avkolonialisering". Prosjektet omhandler Grønlands eldre historie (fram til 1800) og/eller om historieskrivinga om Grønland/Kalalliit Nunaats historie. Stipendiaten vil vere ein del av den interdisiplinære forskingsgruppa Creating the New North (CNN).

Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling og har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Opptak til doktorgradsprogram er ein føresetnad for tilsetting og studieperioden startar når ein tiltrer i stillinga.

Stillinga gjeld for ein periode på 3 år og ph.d.-studiar på fulltid med høve til forlenging av eit gjennomføringsstipend. Dersom doktoravhandlinga blir levert på normert studietid innan 3 år eller innan 3,5 år, kvalifiserer stipendiaten seg for eit gjennomføringsstipend på høvesvis 12 eller 6 månader. Gjennomføringsstipendet skal brukast til kvalifikasjonsfremjande tiltak inkl. universitetspedagogisk kurs, undervising og andre arbeidsoppgåver ved fakultetet. Meir om ordninga med gjennomføringsstipend finn du her.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø. Ein må kunne starte i stillinga innan rimeleg tid etter å ha mottatt tilbod.

Institusjonelt og fagleg miljø 

AHR består av om lag 70 tilsette innanfor fagmiljøa arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi med ein felles administrasjon. I tillegg er det nasjonale senteret «Registreringssentral for historiske data» (RHD) ein del av AHR. Institutt driv med undervising, forsking og formidling hovudsakleg innan nordområdestudium, der det fleiretniske/-kulturelle står sentralt, men set dette inn i ein nasjonal og internasjonal komparativ samanheng. AHR er eit aktivt institutt med fast tilsette, stipendiatar, postdoktorar og emeritusar tilknytta ulike forskingsgrupper/fagmiljø.

CNN er UiT sitt miljø for tverrfagleg forsking på nordområda i eldre tid. Gruppa jobbar med politiske, økonomiske, kulturelle og religiøse endringsprosessar i dei fleiretniske nordområda i førmoderne tid, i spennet mellom perspektiv frå nord og perspektiv på nord. Dei siste åra har forskinga vore konsentrert rundt reformasjon, konfesjonalisering, misjon og religiøs praksis, den nord-atlantiske og arktiske handelen, framstilling av det samiske og det nordlege i europeisk lærdomshistorie og identitet, samisk skule- og utdanningshistorie, nasjonalitet og suverenitet knytt til kulturelle, etniske og politiske grenser og grenseforståingar.

 

Ansøg her, hvor du også kan læse meget mere om stillingen.